RETNINGSLINJER FOR BRUK, STELL OG VEDLIKEHALD AV FELLESAREAL.
PLENAR OG PLANTINGAR:
Plenar mot gata og plantingar som er gjordt av utbyggaren, er fellesareal som skal vedlikehaldast og stellast av sameiet. Styret vil leiga inn hjelp til dette, men det er klart at klippinga gjerne ikkje blir gjordt så ofte og så fint som mange har hatt det i sin eigen hage. Sameiet vil derfor kjøpa inn plenklippar og kantklippar (elektrisk drivne) som den enkelte kan benytta til litt finpuss. Det vil også bli gitt lov å planta til plenareal framfor leiligheten sin. Sjølsagt må ikkje desse plantingane bli så store og dominerande at dei er til sjenanse for andre. Den som plantar til må også halda det vedlike.
Plenane framfor leilighetene i 1. etasje i husa F og G framstår i høg grad som tilhøyrande leiligheten innafor og det vil sikkert ikkje vera populært om desse blir brukt som fellesareal. Det same gjeld også hus C og D. Det vil seia alle plenar som berre har adkomst via den private inngangstrappa. Sameiestyret meiner at bebuarane her får ein ”eksklusiv” rett til desse plenane. Stell og klipping påkviler då boligen. Det blir også gitt lov til å planta i plenarealet.
LEIKEPLASSER, SITTEPLASSER:
Leikeplassane er nå godkjende av konsulent frå park og friluftseksjonen i Haugesund. Sameiet må ta framtidig vedlikehald.
SNØBRØYTING OG STRØING:
Kommunen har ansvaret for dette på hovudvegane og gang- og sykkelstiar. Til garasjar og inngangsdører må den enkelte ta seg av det. Sameiet vil ikkje leiga inn folk til dette, dei som ikkje maktar dette sjølv, må leiga privat.
UTVENDIG VEDLIKEHALD AV BEBYGGELSEN:
Den månedlege innbetalinga til Sameiet er rekna med skal vera nok også til utvendig vedlikehald av bygningane. Men alle bebuarane må kosta første gangs maling sjølv, sameiet sitt vedlikehald startar med ferdigmalte hus. Vedlikehald er sjølvsagt meir enn maling, lekkasjar i tak,pipe o.a. er også med. Vi vil bed alle om å fylgja med og oppservera lekkasjar tidleg så vi slepp urimelege kostnader.
Vedlikehaldsutgiftene blir delte mellom terrassehuset og småhusbebyggelsen etter faktisk medgått utgift.
BOSS-SPANNA::
Det skal ikkje mange vindkulene til før boss-spanna i småhusbebyggelsen ramlar over ende. Vi ser eit klart behov for levegg rundt. Det er den enkelte som må ordna dette, men vi håpar at det ikkje blir for mange ulike utformingar. Den oppsette leveggen på hus G-2 kan godt vera eit utgangspunkt.
ANTENNER:
Utbyggaren og interimstyret har ført ein praksis å nekta oppsetting av utvendige antenner for fjernsyn. Dette vil sameiestyret føra vidare. Dei som ”må” ha antenner må setta desse så lågt på terrassen at dei ikkje blir synlege.
SOLAVSKJERMING, LEVEGG, MARKISER O.L:
Det er alt kome forespørsel om oppsett av slikt. Alt som har med utvendig forandring skal godkjennast av styret. Styret vil som utgangspunkt vera lempelege og tillata at kvar enkelt av oss kan få ordna seg så vi får det ”gode liv” i Alvanutlia. Vi må likevel passa på at det ikkje blir altfor ”spraglete”.
Dei som vil gå i gang med slikt må søkja styret. Vi vil ha skriftleg søknad vedlagt teikning, foto,brosjyrer eller lignende.
FELLESAREAL I TERRASSEHUSET:
For gangar og trapper vil sameiestyret engasjera reingjeringshjelp,
Det er ikkje tillatt å røyka i gangane.
Vi må gjera dugnad med reingjering av bosskassar o.l. ein gong eller to i året.
Dører til inngang og garasje skal vera lukka.
Garasjeanlegget er litt trangt og det er vanskeleg å parkera hvis bilane ikkje står inn til veggen. Det er ikkje lov å lagra kasser og esker på parkeringsplassen, berre sykkel og reservehjul er lov å setta på bilplassen. Minst mulig tomgang på bilen i garasjen.
Parkeringsplassen i terrassehuset er fellesareal, jfr. § 2.1 i vedtektene for vårt sameie. I lov om eierseksjoner § 30 pkt c kan utleige av fellesareal berre gjerast av sameiermøte og då med 2/3 fleirtal.
Gjesteparkeringsplassene vil bli merka, likeeins vil etasjane bli merka med nummer så det skal bli lettare å orientera seg.
Lyspærer og lysrøyr til garasje og fellesarel vil bli innkjøpt, samt gardintrapp for å letta arbeidet med skifting.
Det blir innkjøpt snøskuffel, kost osv. for felles bruk til reinhald og snømåking.
Det blir sett opp ei oppslagstavle i gangen inn for garasjen.
Vi vil få tak i sentral-nøklar (masterkey) til bruk i nødsfall ved brann og lignende. Navn på den eller dei som har slik nøkkel vil stå på oppslagstavla.
——————
Dette blei vedtatt på møte i sameiestyret den 14.januar 2008, og skal sendast ut til alle sameigarane.
Vi vil nok etter kvart finna nye problem som det må settast reglar for, men dette er det vi nå ser behov for. Vi håpar at alle rettar seg etter desse reglane. Det er også bra om dei blir tatt vare på.
Med helsing styret for Alvanutlia Sameie.
Tønnes Straum.
form.